Tenester

Me utførere det meste innan sanitær-, varme-, sprinkler-, ventilasjon-, gassinstalasjon- og beslagarbeid. I tillegg har me eigen fyllestasjon for alle typar propangassbehaldarar/flasker.

Me utfører alle typar arbeid innan sanitæranlegg, varme, ventilasjon og gass i:

  • Hus/einebustadar 
  • Næringsbygg 
  • Leilegheitsbygg 
  • Industri

Sanitæranlegg omfattar alle former for røyrleidningar for forbruksvatn, private og offentlege, samt innretning og utstyr som er fast tilknytt til disse leidningane. Med “fast tilknytt” meiner ein utstyr som er tilknytt leidningsnettet og som inngår som ein naturleg del av byggverkets drift.

Eit varmeanlegg omfattar alle dei komponentar som inngår i eit komplett system for oppvarming. Det omfattar fyringsanlegg, leidningsnett, varmeapparat (radiatorar mv.), pumper, ventilar, reguleringsutrusting etc. som inngår i sentralvarmeanlegg.

Når det gjeld varmeanlegg basert på elektrisk energi gjeld og forskrifter for elektriske anlegg.

Ventilasjon

Me utfører alle typar montasjearbeid innan ventilasjon. På eigen tynnplateverkstad utfører me alle typar spesialtilpassing av ventilasjonsdelar.

Beslagsarbeid

På eigen tynnplateverkstad utfører me generelt beslagarbeid, samt alle typer spesialtilpassing av ventilasjonsdelar.